mandag 5. august 2019

MSSM - Nordsjøen 1


MSSM = Misje - Shetland - Sauvika - Misje (ruta vår)

Eg har lenge tenkt på kva for ein setning eg skal opne dette innlegget med. Kva har skjedd på denne turen - heile turen, ikkje berre Nordsjø eller Shetland-delen, som verkeleg har vore verkeleg spesielt, noko som eg har lyst å byggje opp forventningane til, høgare, høgare, høgare, før eg avslørar at forventningane burde vore endå høgare? Kva har verkeleg, verkeleg vore spektakulært, ja sensasjonelt på denne turen? Vel, nå har eg finne den perfekte setning som de nå skal få høyre;

På denne turen har eg fått mine aller beste naturbilete (spesielt fuglar) nokon gong.

Ikkje mykje krutt i den setninga, meiner de? Vent å sjå.




Planen var å segle over til Shetland, litt vasing rundt på øyene, bort til Trondheim, Sauvika, via Runde så klart, før det blir tur ned igjen til Misje.  I denne augneblinken er heile planen overstått, men endå ikkje fortalt om.
Derfor byrjar eg med å segle over Nordsjøen.

Vi segla bort til Risøyna utanfor Misje, før vi dagen etter drog av garde mot Shetland. Det var tåke på alle kantar, men sidan det ga gode landskapsbilete tenkte eg på det som noko positivt heller enn noko negativt. Sjølv om tåka gjorde at vi ikkje kunne sjå land var det ikkje noko tåke ute på sjølve havet. Opplevingane kom faktisk litt før vi kom oss ut på sjølve havet, så nå går eg litt fort i svingane her.

Eit lite stykke ut i frå kysten kom ein stor flokk havsuler skyljande over oss, eit forvarsel om det som skulle kome. Dei var riktignok ikkje svarte og kvite, men det var ein flokk delfinar, og ikkje berre det; det var ein flokk delfinar rett utanfor den norske kyst. Sjølve opplevinga blei likevel ikkje så fantastisk sidan dei var på jakt og derfor ikkje fylgte oss meir enn i nokre få minutt, og sidan eg berre fekk to bilete, som begge to var elendige.

Men eg fekk ein ny sjanse seinare, då vi nok ein gong såg delfinar, denne gongen fleire timar ute på havet, rett ved Oseberg-feltet. Denne gongen var delfinane svarte og kvite…

Spekkhoggarane var på jakt, slik som sist gong, og det var ein flokk stupande havsuler over dei, også slik som sist gong. Det som ikkje var som sist gong var at ein også kunne sjå havsvale (eller stormsvale…), storjo og havhest. Gode fotomoglegheiter med andre ord. 😊

Spekkhoggarane var likevel (eller skal eg seie naturlegvis?) det mest fantastiske. Sjølve, kva skal ein seie, koreografien?, var den same som sist gong. Vi segla bort til dei, låg oss i bi, dei kom, vi segla vidare, dei kom, men snudde, vi fortsatte likevel. Opplevinga var likevel heilt ny.
Usikkar på antalet, pappa seier 7-8 mens mamma seier 4. Sjølv var eg for opptatt med å ta bilete og å nyte det fantastiske synet, til å telje kor mange dei var. 

Kjensla når du ser på eit stille blått hav, og så, som ut av ingenting, kom ein gigantisk kval ut av ingenting, rett foran deg, det er ei kjensle eg ikkje maktar å beskrive. Overveldande, surrealistisk, er berre etterlikningar av dei orda eg leiter etter. For å seie det kort då; fantastisk.
Heile opplevinga var fantastisk, men det var nokre augneblink eg satte meir pris på enn andre.
Ein ho spekkhoggar kom opp, nokre titals meter frå båten, og i vatnet ho sjølv sendte opp gjennom pusteholet, danna det seg ein regnboge over henne. 

Fire spekkhoggarar går opp, ikkje langt i frå båten, nesten heilt samtidig. Det er liksom ein som går opp først, og  så kjem dei andre rett etter, slik at dei kjem opp berre sekundar etter kvarandre. Og ein av dei som gjekk opp var ein liten spekkhoggarkalv samen med mora si…
Eg kunne haldt på og fortelje om oppleving etter oppleving, men eg har mykje eg har lyst å fortelje om så eg tenkjer eg sluttar her. Beklagar forresten om eg blir litt for «romantisk» i mine beskrivingar av spekkhoggarane; eg kan ikkje noko for det.

Vidare på Nordsjø-turen skjedde det ingenting ekstraordinært. Eg kan nemne at det aldri blei ein slik mørk natt eg hadde lengta etter, berre ein lys sommarnatt, og at havsulene verka meir nyskjerrige på båten denne gongen, i forhald til sist gong.
Den siste opplevinga som verkeleg var noko, for å seie det sånn, var vel kanskje ikkje ein bestemt oppleving. Det siste fantastiske som hendte var nemleg å segle mot Shetland, enkelt og greitt.

Vi segla heile vegen og teikna til å setje ein ny rekord, slik som sist gong, men denne gongen var rekorden i treigheit. Likevel var det ein super overfart. Med rundt 2-4 knop i gjennomsnitt, blått hav og nokså blå himmel i tillegg til få bylgjer, var det rett og slett ein drøymetur. I fylgje pappa var det den beste overfarten vi på Elle Melle hadde opplevd, til og med samanlikna med alle overfartane på 1-års turen. Eg trur faktisk eg er einig.

Endå betre hadde eg det likevel når vi såg Shetland i det fjerne, vinden aukte og fugleartane blei stadig fleire. I tillegg til fantastisk segling og bilete var også sjølve fargen på havet blitt nokså fantastisk. Den såg nå nemleg ut, for å sitere min mor, ut som brevatn. Med andre ord; heile havet hadde ein klar, lyseblå farge heilt uavhengig den svakt grå (riktignok med nokre solstrålar her og der) himmelen over oss. Det såg dødskult ut.

Nemnte eg foressten at eg har fått ny telelinse?


(grunna til at eg ikkje skreiv om sjøsjuke denne gong er fordi eg allereie klokka 10 første dag brøyt mine prinsipp, og byrja på sjøsjukepiller…)









































Beklagar den enorme mengda bilete ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar