mandag 5. august 2019

MSSM - Fantastiske foto, Lerwick og omegn


Eg tenkjer eg presenterer mine store fotograf-augneblink i dette innlegget, så får dykk heller pusle saman ein historie av infoen som står her. Eg gidd i alle fall ikkje å skrive ein.



Hamna


Vel framme i Lerwick byrja eg å fotografere ternene. Det var både raudnebb- og makrellterner i hamna fann eg snart ut. For å seie det rett ut; eg fekk heilt utrulege bilete. Nokon av dei kunne konkurrert i fotokonkurransar. Definitivt mine beste ternebilete, i alle fall.
Sjølv om eg tok mine beste bilete den første dagen tok eg ternebilete gjennom heile tiden vi var i Lerwick så eg vil derfor presentere alle ternebilete frå Lerwick under her.
Andre dag blei også ein rein ternedag.
 





Svart-kvitt







Det var i tillegg tre andre gøye fotomoglegheiter i hamna.

Det eine var vel ikkje så spesielt, og var  rett og slett berre dei ganske så tamme, og litt småfeite bymåkene, som eg tok nokre potrett av.






Den andre fotomoglegheiten, eller heller opplevinga, var to sel som budde i nabohamna, og som eg og mamma fekk sett ca. to gonger, der ein av desse to gongene var ein god fotomoglegheit.

Selane var vane med å få mat så dei kom heilt nærmt meg og mitt kamera. Ganske store og kule, slik som mange andre selar. Desse var spesielt store, synes eg då, men det var vel kanskje berre fordi dei var så nærmt.










Den tredje fotomoglegheita som også var litt av ein oppleving, var også ein liten tragedie. 

Ein storjo hadde drept ein måkeunge og åt den i hamnebassenget, utan å rikke seg så mykje som ein tomme, sjølv når eg stod mindre enn ein meter i frå. 

Måkane angrep den gong på gong, og saman med ternene (som naturligvis også ville ha vekk dette rovdyret) klarte dei til slutt å jage den vekk.




 Fiska opp plastposen på bilete så fort dramaet var over :-)









Tredje dagen stakk vi til Sumburgh Head med buss for å sjå på fuglefjellet der. Eigenteleg skulle vi leige bil med ein ven av pappa og hans kone, men det var søndag så vi fann ingen bilar vi kunne leige. Dermed var det berre meg og mine foreldre som drog, og åttpåtil i ein annan retning enn bilplanen skulle vere.

Uansett; vi gjekk om bord i bussen som skulle frakte oss til fuglane. Denne bussen brukte litt mindre enn ein time, men landskapet var fint så eg var fornøgd. Vel framme gjekk vi opp på toppen. På vegen sakka eg stadig meir akterut i det eg måtte stoppe å fotografere havhest, uidentifiserte due, vipe og tjeld – i tillegg til landskapsbilete med mamma og pappa som hovudelement. 

Oppe på sjølve fjellet kunne vi sjå lundefugl med ein gong. I tillegg til lunde var det også havhest, alke, skarv, lomvi og storjo rundt om kring. Eg fekk naturlegvis heilt utrulege bilete… 

Den kulaste arten der trur eg rett og slett var kanin. Nei, du høyrte ikkje feil; eg sa kanin. Ein kunne nemleg sjå ville kaninar der oppe. Sjølv om «ville» kanskje er å overdrive skal eg vere heilt ærleg. Dei var visst van med turistar for dei blei ståande på same flekken med opptil berre ein meter i mellom. Så fekk dei litt fart på seg, då. 😉 Eg såg berre tre kaninar, og alle tre var på ekstremt rare stadar. Den eine var inni eit slags gjerdesystem, ein slags trong hage, bak nokre hus (souvenirsjappe, café og slikt) på toppen. Dei andre var bak gjerdet som skilte stien i frå dei bratte stupa i fuglefjellet. Med andre ord; dei var på kanten av eit stup. Det såg ikkje ut som dei hadde noko problem med det då, og det var litt flat mark mellom gjerdet og stupa så det var jo ikkje heilt bananas heller. I tillegg såg eg 2-3 hol i gjerdet (som forøvrog var av stein) store nok for ein kanin så dei var sikkert van med å hoppe mellom ute på kanten der. Vel, tilbake til poenget; eg fekk gode bilete.

Andre gøye opplevjingar var vel rett og slett å sjå på havhestane når dei balanserte på vinden under meg. Då hadde dei nemleg ein ganske kul silling, med bein og vengjer heilt strakt ut, som ein kan sjå på bileta nedanfor.

På toppen av det heile gjekk det ann å observere diverse småfuglar, som eg fekk rundt 7 gode bilete av. Presenterar 1 her, sidan alle 7 var same fugl.






























Tredje dag skulle vi prøve på nytt med bilen, men det gjekk ikkje så bra denne gongen heller, av di eit cruiseskip hadde booka alt som var. I staden drog eg og pappa på sykkeltur til Bressay litt seinare (med leigde syklar som tilfeldigvis var ledig). Vi skulle eigenteleg dra heilt til fugleøya Noss, men ferga gjekk ikkje så vi blei ståande foran eit sund utan å kome oss nokon veg. Det gjorde ingenting, for det var nemleg ein flokk stupande havsuler rett ved land, i tillegg til ein flokk skarv og nokre terner. Vi blei der i 2 og ein halv time før vi sykla tilbake….

Denne gongen blei bileta endå meir fantastiske enn alle dei andre gongene i dette innlegget.