Nordsjøen, 14. - 15. april
Vi byrja roleg med lite bylgjer og vind. Dette skulle forandre seg ganske kraftig utover dei neste 36 timane vi kom til å tilbringe ute på Nordsjøen.Eg hugsa ikkje når vi gjekk for motor, og når vi segla, men størsteparten av turen segla vi.
Vanlegvis kan det bli litt kjedeleg med hav rundt seg på alle kantar til einkvar tid, utan moglegheit til å bevegje seg, men Nordsjøen har eit fortrinn som gjer at turane går frå kjedelege til utruleg gøye; havhestar.
Havhestane er riktignok berre fuglar, dei som alle andre, men dei får meg til å smile på ein måte få andre fugleartar klarar. Sjølv havsulane, som bur på same stad, klarar det ikkje like bra.
Å sitje i timevis og berre sjå på dei er heilt fantastisk. Ein blir ikkje lei av å sjå den vakre, grasiøse, men likevel raske og krappe flyginga rett over bylgjane. Noko som gjer det endå gøyare er det faktum at havhestane likar å kome bort å sjå på båten. Om det er nysjerrigheit eller lysten på mat som får dei til å nærme seg den einsamme seglbåten veit eg ikkje, men takknemmleg er eg uansett.
Og akkurat denne turen fekk eg bedre bilete enn nokonsinne før.
På slutten av turen var gjennomsnittsvinden rundt 12 m/s og det var ganske høge bylgjar, men eg var utruleg nok ikkje sjøsjuk (sikkert på grunn av all den salte lakrisen eg knaska) så eg hadde det kjempegøy.
Shetland 16. - 17. april
Sjølv om eg har vore på Shetland ein gong før var det som om eg såg Shetland for aller første gong desse dagane.Vêret var mykje bedre enne sist gong, eg hadde bedre kamera enn sist gong og vi brukte meir tid på utforskinga enn sist gong. Spesielt den lange bilturen 17. april står fram i minnet mitt.
Vi kom fram kvelden den 15. april og åt på ein thai-resturant før vi låg oss. Den 16. april åt vi engelsk frukost (vegetar for min del) på Harbour café og middag på same thai-resturant som dagen i forvegen (same mat for min del).
Denne dagen skulle bli ein rein avslappingsdag der - med unntak av ein spasertur eller to - vi var i båten heile dagen. Eg fekk lest "rundt Kapp Horn" av Jack London i tillegg til å sortere bilete og komponere ein ny song ("Stjernenatt"). Det var ikkje ein dag det hendte så mykje men likevel ein dag eg likte veldig godt. Deilig å slappe litt av etter 36 timar på sjøen :-)
Neste dag blei atskillig meir spanande. Vi leide oss ein bil like etter frukost og byrja køyreturen.
Vi hadde ingen plan, og sjølv om vi hadde kart tok vi kvart veivalg på måfå.
Ingenting kunne ha passa meg bedre.
Å køyre utan noko mål er absolutt ikkje det same som å køyre utan meining. Vi stakk nesen innom nokre bygdar, stoppa ved fine landskap, attraksjonar og fuglar. Skilta vi fylgte var dei med dei mest interressante namna og vegane vi fylgte var vel helst dei som ikkje minna om blindvegar. Det var heilt fantastisk!
Hovudinntrykket mitt frå den dagen var at Shetland er svært vindfylt, dekka med sauar, lyng, gras og shetlandsponnier i tillegg til å ha caféer som stengjar forbløffjande tidleg. Og så var det kule klippar.
Det vi fekk sett på bilturen kan bli ramsa opp som: museum, fyrtårn, Hamnavoe, Brae, Voe, Walls, Upper Dale, Lower Dale, klippar og Scallywood.
Kort sagt: gøy ;-)
Nordsjøen, 18. - 19. april
Tilbaketuren var garantert det mest fantastiske med turen, og noko eg trur eg vil hugse resten av mitt liv. Kva var det som skjedde? Tja ... les vidare du.Det byrja med bylgjer og vind og litt sjøsjuke. Eg må innrømme at eg faktisk sov bort meir eller mindre heile 18. april.
Natta derimot sov eg ikkje bort - ikkje heile i det minste. Himmelen var dekka med nydlege stjernar og ein rund måne. Skyar gled stille forbi alle himmellysa. Havet var svart, men månen lyste opp ein veg som strakte seg frå hosrisonten, og bort til båten. Det var fantastisk.
Vi møtte eit par båtar, men eg lot pappa ta seg av dei. Når morgenen kom tok eg ein liten vakt, men grunna blafrande segl og ein pipande innretning måtte pappa stå opp igjen. Han fekk sovd ein time eller to, då.
Vinden og bylgjane slakka meir og meir ned, men til trass for det haldt vi ein imponerande fart, og med gjennomsnittsfart på over 6 knop teikna vi til å ta ein Nordsjø-rekord.
Uansett blei det stillare, spesielt på bylgjefronten, så eg satte meg til å lese. Det var nokre timar frå land det fantastiske hendte.
Pappa fekk auge på ein havsuleflokk, ein stupande havsuleflokk. Havsular var det overalt, spreidd over Nordsjøen, men dei stupte sjeldan, så dette var eit velkoment syn. Og eg tenkte, som eg pleiar når eg ser slike fugleflokkar: "der det er fulg er det fisk, og der det er fisk kan det vere kval". Dette er sjeldan rett.
Men denne gongen viste det seg at det faktisk var rett.
Det var pappa som først såg noko. "Sjå der," sa han. "Eg såg noko". Og eg såg, fokuserte augo mine på havoverflata.
Eit glimt, eit lite glimt på lang avstand av ein kvalart eg aldri før hadde sett. Det var alt som trengtes.
"Spekkhuggar!" utbraut eg, og greip etter kameraet mitt.
Ein flokk, ein flokk med spekkhuggarar på jakt. Dei kom mot oss, symte mot oss, under oss forbi oss. Eg knipsa, knipsa som besatt. Heile kroppen byrja å skjelve, berre av pur glede.
Desse kvalane hadde eg leitt etter sidan eg var lita. Desse kvalane har eg sett etter nesten sidan før mitt første kamera. Desse kvalane har vore grunnen til at vi tok seglbåten dit vi tok den, i nokre tilfellar. Desse kvalane har teikna, lest om, sett filmar om og drøymt om i år etter år, utan å sjå ein.
Men nå var dei her. Dei var her.
Hannen med sin gigantiske ryggfinne symte mot oss, der vi hadde lagt seglbåten i bi. Han symte under oss. Vi såg han. Under oss, under vatnet, under båten, under oss.
Pappa meinte at denne spekkuggarren måtte vere større enn nokon dokumentert spekkhuggar.
Vi prøvde å lokke deg med oss, men låg oss i bi igjen di vi såg dei ikkje fylgte.
Og med eit var dei der igjen. Ein familie på fire-fem, rett ved sidan av båten. Dei symte vekk i frå oss nok ein gong for å jakte, men vi fylgte ikkje etter dei. Vi lot dei jakte mens vi svingte båten inn mot land igjen.
Når vi såg bak oss såg vi ikkje spekkhuggarane, men vi visste nøyaktig kvar dei var. Det eg innsåg under dette eventyret var nemmleg at fuglane ikkje fylgjar fisken, men kvalane. Og det var ein haug med fuglar bak oss, i lufta, stadig lenger vekk.
Eg er så glad!!!!!
Vi følte at vi var der sammen med deg Olina, kjente både sjøsyken og de fantastiske opplevelsene med havsulene og spekkhoggerne. Tusen takk!!
SvarSlettOg så lykkelige vi er for at du endelig fikk oppleve en spekkhogger Olina❤
Varme klemmer fra farmor,farfar og Birk