Eg tenkjer eg presenterer mine store fotograf-augneblink i
dette innlegget, så får dykk heller pusle saman ein historie av infoen som står
her. Eg gidd i alle fall ikkje å skrive ein.
Hamna
Vel framme i Lerwick byrja eg å fotografere ternene. Det var
både raudnebb- og makrellterner i hamna fann eg snart ut. For å seie det rett
ut; eg fekk heilt utrulege bilete. Nokon av dei kunne konkurrert i
fotokonkurransar. Definitivt mine beste ternebilete, i alle fall.
Sjølv om eg tok mine beste bilete den første dagen tok eg
ternebilete gjennom heile tiden vi var i Lerwick så eg vil derfor presentere
alle ternebilete frå Lerwick under her.
Andre dag blei også ein rein ternedag.
Svart-kvitt
Det var i tillegg tre andre gøye fotomoglegheiter i hamna.
Det eine var vel ikkje så spesielt, og var rett og slett berre dei ganske så tamme, og litt småfeite bymåkene, som eg tok nokre potrett av.
Den andre fotomoglegheiten, eller heller opplevinga, var to sel som budde i nabohamna, og som eg og mamma fekk sett ca. to gonger, der ein av desse to gongene var ein god fotomoglegheit.
Selane var vane med å få mat så dei kom heilt nærmt meg og mitt kamera. Ganske store og kule, slik som mange andre selar. Desse var spesielt store, synes eg då, men det var vel kanskje berre fordi dei var så nærmt.
Den tredje fotomoglegheita som også var litt av ein oppleving, var også ein liten tragedie.
Ein storjo hadde drept ein måkeunge og åt den i hamnebassenget, utan å rikke seg så mykje som ein tomme, sjølv når eg stod mindre enn ein meter i frå.
Måkane angrep den gong på gong, og saman med ternene (som naturligvis også ville ha vekk dette rovdyret) klarte dei til slutt å jage den vekk.
Fiska opp plastposen på bilete så fort dramaet var over :-)
Tredje dagen stakk vi til Sumburgh Head med buss for å sjå
på fuglefjellet der. Eigenteleg skulle vi leige bil med ein ven av pappa og
hans kone, men det var søndag så vi fann ingen bilar vi kunne leige. Dermed var
det berre meg og mine foreldre som drog, og åttpåtil i ein annan retning enn
bilplanen skulle vere.
Uansett; vi gjekk om bord i bussen som skulle frakte oss til
fuglane. Denne bussen brukte litt mindre enn ein time, men landskapet var fint
så eg var fornøgd. Vel framme gjekk vi opp på toppen. På vegen sakka eg stadig
meir akterut i det eg måtte stoppe å fotografere havhest, uidentifiserte due,
vipe og tjeld – i tillegg til landskapsbilete med mamma og pappa som
hovudelement.
Oppe på sjølve fjellet kunne vi sjå lundefugl med ein gong.
I tillegg til lunde var det også havhest, alke, skarv, lomvi og storjo rundt om
kring. Eg fekk naturlegvis heilt utrulege bilete…
Den kulaste arten der trur eg rett og slett var kanin. Nei,
du høyrte ikkje feil; eg sa kanin. Ein kunne nemleg sjå ville kaninar der oppe.
Sjølv om «ville» kanskje er å overdrive skal eg vere heilt ærleg. Dei var visst
van med turistar for dei blei ståande på same flekken med opptil berre ein
meter i mellom. Så fekk dei litt fart på seg, då. 😉
Eg såg berre tre kaninar, og alle tre var på ekstremt rare stadar. Den eine var
inni eit slags gjerdesystem, ein slags trong hage, bak nokre hus
(souvenirsjappe, café og slikt) på toppen. Dei andre var bak gjerdet som skilte
stien i frå dei bratte stupa i fuglefjellet. Med andre ord; dei var på kanten
av eit stup. Det såg ikkje ut som dei hadde noko problem med det då, og det var
litt flat mark mellom gjerdet og stupa så det var jo ikkje heilt bananas
heller. I tillegg såg eg 2-3 hol i gjerdet (som forøvrog var av stein) store
nok for ein kanin så dei var sikkert van med å hoppe mellom ute på kanten der.
Vel, tilbake til poenget; eg fekk gode bilete.
Andre gøye opplevjingar var vel rett og slett å sjå på
havhestane når dei balanserte på vinden under meg. Då hadde dei nemleg ein
ganske kul silling, med bein og vengjer heilt strakt ut, som ein kan sjå på
bileta nedanfor.
På toppen av det heile gjekk det ann å observere diverse
småfuglar, som eg fekk rundt 7 gode bilete av. Presenterar 1 her, sidan alle 7
var same fugl.
Tredje dag skulle vi prøve på nytt med bilen, men det gjekk
ikkje så bra denne gongen heller, av di eit cruiseskip hadde booka alt som var.
I staden drog eg og pappa på sykkeltur til Bressay litt seinare (med leigde
syklar som tilfeldigvis var ledig). Vi skulle eigenteleg dra heilt til fugleøya
Noss, men ferga gjekk ikkje så vi blei ståande foran eit sund utan å kome oss
nokon veg. Det gjorde ingenting, for det var nemleg ein flokk stupande havsuler
rett ved land, i tillegg til ein flokk skarv og nokre terner. Vi blei der i 2
og ein halv time før vi sykla tilbake….
Denne gongen blei bileta endå meir fantastiske enn alle dei
andre gongene i dette innlegget.


Praktfulle bilete, Olina! Meir, meir! Farfar.
SvarSlettNydelige bilder Olina, kjekt å høre om Shetlandsturen!
SvarSlettKlem fra farmor